PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Ønskjer frivillig

Dei frivillige er i alle aldrar og med vidt forskjellig bakgrunn. Kva du treng hjelp til veit du best sjølv.
Eksempler på oppgåver kan vera:
  • Turvenn
  • Å gå på kino/teater eller liknande med nokon
  • Besøksvenn
  • Praktiske oppgåver som f. eks lett hagestell eller handlehjelp, m.m.
  • Underhaldning på institusjonar el.l.
  • Læra data / datahjelp
  • Og mykje meir

Feil i lista kan forekomma. Kontakt oss, for meir informasjon om kva frivillige aktivitetar vi har.

Garanti

Sidan alle jobbar frivillig kan vi IKKJE garantera at alle får den hjelpa dei ber om. Men vi garanterar at vi skal gjera så godt vi kan. Husk at dei frivillige er vanlige menneske som ikkje nødvendigvis har ein kompetanse på det dei skal hjelpe med.

Enkelte jobbar som utgjer ein fare for dei frivillige, må vi dessverre seia nei til. F.eks. å måtta klatra høgt opp under møner eller opp på tak og liknande.

Alt utstyr som skal brukast av den frivillige må brukaren sjølv skaffe.

Teieplikt

Alle dei frivillige er underlagt teieplikt.

Målgruppe

Målgruppa er alle innbyggera som ønskjer den hjelpa som Frivilligsentralen kan tilby.