PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Rutinar

 

Rutinar for natteravnane Husnes

  • Den som står først på lista den aktuelle dagen er gruppeleiar og hentar nøkkelen på Peppes Pizza før kl. 20.30 og leverer den tilbake neste dag.
  • Hugs å kvittera for nøkkelen.
  • Frammøte på Frivilligsentralen.
  • Me er ute frå kl. 21.00 og vurderar for kvar gong kor lenge det er bruk for oss.
  • Noter i kalendaren din eller på telefonen kva tid du skal gå, og ver nøye med å byte vakt dersom du ikkje kan den  oppsette dagen.
  • Hugs teieplikta.
  • Ta gjerne turen innom Ungdomssenteret og Nattkafeen.

 

 

For å sikra at me går natteramn dei kveldane me har satt opp, er det viktig at kvar og ein av dykk noterar kva kveld de skal gå. Det kan også vera lurt å sende ei melding til dei de skal ramna saman med slik at ein slepp å vera den einaste som møter opp. Pass også på at me har rett telefonnummer registrert på deg. Me kjem berre til å sende ut ei liste i halvåret, men vil oppdatera ei liste som ligg på heimesida til Kvinnherad Frivilligsentral. Denne finn du under Natteramnar på http://kvinnherad.frivilligsentral.no. For at denne sida skal vera oppdatert er det fint om du gjer beskjed på facebooksida til Natteravnane eller sender e-post om vaktbyte til frivilligsentralen@kvinnherad.kommune.no.