PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Natteravnane Husnes

Natteravnane Husnes

Vil du bli Natteravn?

Natteramnane er heilt alminnelege vaksne som er synlege i gatebildet der kor det er behov for dei. Natteramnane på Husnes er ute i helgane, og kvar natteramn er med ca. ein kveld i halvåret.
Natteramnane observerer og hjelper etter ønskje eller behov frå ungdommane. Natteramnane skal ikkje legge ein dempar på dei unge, oppdra eller verka moraliserande. Dei skal være synlige, og ikkje blanda seg inni bråk, men kontakte hjelp om det er naudsynt. Natteramnane lyttar, hjelper og rettleiar når born og unge tar initiativ til det. Alt innanfor rammene av sunn fornuft. Alvorlige problem skal vidareformidlast til foreldre, politi eller annen kvalifisert hjelp. Natteramnane hjelper til med å senda 'forulykka' barn og unge heim, til legevakt eller liknande. Dette skal gjerast ved å tilkalle taxi, politi, venner eller familie. Som natteramn skal du aldri på nokon måte følgje nokon heim aleine, og ikkje låne bort pengar. Det er som regel tre i ei gruppe når man ramnar, og gruppa bør bestå av både kvinner og menn. Natteramnane ferdes alltid utandørs.

Dersom du som vaksen kan og vil vera ein god rollemodell for born og unge, er du hjarteleg velkommen som natteramn.

Dersom du velger å bli natteramn skal du veta at din innsats vil gjera ein forskjell! Natteravnane er bra for dei unge, bra for deg og bra for lokalmiljøet vårt!!

Me oppfordrar særleg foreldre og besteforeldre med born som enda ikkje har byrja å gå ut til å verta natteramn, fordi de då får eit inntrykk av korleis helgane fortonar seg «ute på byen» for dei unge.

Vil du vita meir kan du gå inn på nettsidene til natteramnane http://www.natteravn.no/.

Meld deg på til Anniken på telefon 53 46 19 49 eller på mail frivilligsentralen@kvinnherad.kommune.no