PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Vedtekter for Kvinnherad Kommune sin Frivilligpris

  1. Føremål:

    "Frivilligprisen" vert gjeve til ein initiativrik person, lokal forening eller gruppe, som gjennom sine idear og med sitt pågangsmot har betra trivsel og livskvalitet for andre, og medverka til eit meir ope, aktivt og trygt samfunn.


    Målet er mellom anna å styrke samspillet mellom kultur, helse og frivillig sektor:
    - Stimulere til innsats.
    - Påskjøna godt frivillig arbeid.
    - Peika på gode føredøme når det gjeld aktiv innsats innan frivillig arbeid i Kvinnherad.

     

  2. Administrasjon:
    Styret for Frivilligsentralen administrerer prisen og syter for å henta inn framlegg til kandidat. Alle privatpersonar, styret for Frivilligsentralen, og lag og organisasjonar som er heimehøyrande i Kvinnherad eller deltek i frivillig arbeid i kommunen kan koma med framlegg. Med kvart framlegg må det leggjast ved ei grunngjeving som kan stø opp under kandidaturet.

    Ordføraren - eller den han gjev fullmakt - føretek den høgtidelege overrekkinga.

     

  3. Tildeling:
    Frivilligprisen er i prinsippet retta mot all verksemd innanfor frivilligfeltet, men med dei atterhald som går fram av desse retningslinene.
    Tildelinga kan skje til einskildpersonar, lokal forening eller gruppe som har ytt ein innsats innanfor frivilligfeltet til beste for innbyggjarane i Kvinnherad kommune. Tildelinga må vere i samsvar med føremålet, punkt 1.

    Styret for Kvinnherad Frivilligsentral peikar ut prisvinnaren. Dersom fleire kandidatar vert ståande likt, kan styret for Frivilligsentralen unntaksvis dele Frivilligprisen mellom dei.

    Tildeling finn stad etter kva styret i Frivilligsentralen vedtek.

    Frivilligprisen kan ikkje gjevast til verksemd som fullt ut er finansiert over offentlege budsjett.

    Elles:
    Prisen vert lyst ut i andre / tredje kvartal kvart år, saman med ein omtale. Styret vert med og informerer. Ein nyttar lokalavisene og Internettsidene til Kvinnherad Kommune. Forslag må vere inne innan 1. september.