PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Frivilligpris

 

Frivilligprisen vert i 2015 gitt til Toril Romsø for hennar store kulturhistorisk engasjement som leiar i Venelaget for Halsnøy Kloster.

 

Ho får prisen for arbeidet med å byggja opp ei kulturløypa ved klosteret. Som leiar i Venelaget for Halsnøy Kloster har ho vore ein motivator med godt humør og mykje energi som står på, og får folk med seg både i arbeidet med Kulturløypa, men også på ulikt dugnadsarbeid på sjølve klosteret og på ulike arrangement på Halsnøy Kloster.

 

I området rundt det 850 år gamle Halsnøy Kloster finn ein mykje spanande historie. Langskipstøa er fascinerande, og det same er gravrøysene og tingstaden. Toril fekk rikskonservatoren til å kome på synfaring i dette området noko som utløyste midlar til opparbeiding av Kulturløypa. Ho er også  primusmotor for dugnadsgjengen, som har rydda fram kulturminna i området. Dette arbeidet hadde ikkje komme i stand utan at Toril hadde vore så levande interessert i å få fram denne kulturarven som har lege gøymd i mange år. Ho er opptatt av at dette skal vera eit turområde som kan brukast til rekreasjon for alle. Det er kome på plass skilt som fortel om fauna og historie rundt båthustufte og gravhaugar. Dette er også ein plass ein kan ta med skuleklassar og  barnehagar for å ha historie- eller naturfagtime ute. Området er flott til badeturar og aktivitet i lauvskogen rundt.

 

Styret i Kvinnherad Frivilligsentral meiner Toril Romsø fortener å heidrast med Frivilligprisen for dette arbeidet.

Kjenner du nokon som fortener heider for innsatsen sin?

Frivilligpris

Frivilligprisen vert gjeve til ein initiativrik person, lokal forening eller gruppe, som gjennom sine idear og med sitt pågangsmot har betra trivsel og livskvalitet for andre, og medverka til eit meir ope, aktivt og trygt samfunn.